13. februar 2016

Ein god og effektiv dugnad i dag. Radarentenne blei tatt ned, det vart gjort reint og klargjort for nypussing av gang inne. Vi fekk og gjort klart til listing av lugarer framme. I tillegg fekk vi rydda mykje nede i lasterommet. Vi fekk også montert fast strømuttak for siste fryseren nede i lasterommet.
Det vart sjølvklart drukke endel kaffe, og middagen er alltid populær. Vel blåst til neste gong.

Ei gladmelding frå Riksantikvaren var heller ikkje ilt å få med seg. Vi er tilkjent ein god del midlar i 2016, for å få dekka opp dei reperasjonane vi hadde i maskinrommet i fjor.. Vi får dermed betale ut velvillige hjelpera på Vegsund Slip.
ååååå kor deilig det skal bli, og slippe å tenke på den fakturaen meir.
God helg til alle venner og likere

Dugnad 27. februar 2016
Ei god dugnadsånd i dag også!
10 stk på dugnad, så det er god framgang på det som skal ordnes inne, slik at vi har mange hender for male og pussearbeid, når våren ein gong dukker opp.
Det vert ny dugnad neste helg, og vi har fortsatt bruk for fleire hender.
God helg ønskes frå oss alle!!

DUGNAD 5. mars 2016

Mangt gale kan skje på sykkelturar. Heldigvis er det nokre veker sidan slik at ein etterkvart har fått positive og litt mindre smertefulle idear i skallen att.
Litt over klokka 8, fekk eg lurt nasa ut for å sjekke været. Ulvesundet var omtrent svartstilt og det er det ei stund sidan eg har sett. Gråtunge regnskyer over snødekte fjell, Skolma raga øvst. Spesielt og skarpt lys, typisk mars. Farfar sa alltid at levra i småseien alltid var drivkvit når det var slik snø i fjella, og då var den absolutt best å ete. Naboen har fyrt med feit tyrived, lukta er mild og gjenkjennande. Og heilt bakerst i gode luktminner frå ei svunnen tid, har sildoljelukta dukka opp igjen. Det merkelege kanskje, er at eg faktisk stod der på trappa til svigerfar og gledde meg over å kunne kjenne sildoljelukt nord i sunda igjen.
Då eg skulle svinge ned på nedstevegen, tok eg og benytta meg av vikeplikta mi. Ein bil uttafrå vart slept forbi og eg beit meg merke i at han omtrent køyrde på venstre sida. Sikkert ein som skal vere med NYBAKK til Shetland i sommar tenkte eg. Oppdaga etter kvart at det faktisk var Svein eg hadde sleppt forbi.

Per Kåre var på plass og når eg klatra ned leidaren frå bestikken. Kaffien nesten nedrent og det var på tide med å fylle messa med fornuftig prat att. Første dugnaden om bord dette året for min del. All ære og takk til dei som har vore svære og stillt opp, når vær og føre var heilt annleis enn denne helga. Eg hadde ikkje dei heilt store forhåpningane om å gjere så mykje anna enn å bare køyre ein showup og ta bilder og suge til seg inntrykk. Eit par leidara opp og ned kjendes veldig i ribbeina, så eg måtte vel innsjå etter kvart at min fru hadde rett i mengda arbeid eg kunne bidra med denne helga.

Det kom anstigandes fleire flittige hender. Eit solid arbeidslag var etter kvart i sving, på dekk, i maskinrom og i rommet. Alf tok og kom også. 2. helga på rad han klive rekka på NYBAKK. Strekking av kabel og montering av nye kontakter blir det aldri slutt på. Og sidan Alf utøver sin profesjon so nennsomt for oss, tek vi imot med opne armar. Og så ubeskrivelig spesielt at han forrige helg tok seg ein tørning med bilen utfor vegen, på veg til dugnad. Då bilen kom på vegen igjen, fortsette turen til Raudeberg. Amazing.

Matstellet var ei historie for seg denne helga, igjen. Klubb, saltskjøt og ertesupa, ilag med Haggis; ja ein skulle nesten tru at det var byfolk på besøk. Antakeleg er kokken veldig svak for nettopp meg.

Det begynte å lide fram mot tippekamp-tid, då eg snudde turen heim att. AnnKristin og Svein hadde etter kvart tømt ein ny binge i rommet. Vi er i ferd må å få godt med stueplass der nede og bra er det. Absolutt godt gøymde og gløymde ting dukkar opp under slike operasjoner.

Til ga eg labelane for silda til Per Kåre. Tørre-silda er klar til pakking og med slik forpakning vil det bare seie pang i padden når vi skal på Torgdag Bergen.
No rekne eg med at vi har opparbeidd ei frihelg etter kvart. Følg med oss likavel. Det kan dukke opp ting både her og på Facebook.

19. mai
Vi sjøsette igjen igår. NYBAKK har stått på landa sida 3. mai og no var det ingen veg utanom. Tida på Johansen har vore brukt veldig godt. Service og måten vi blir behandla på her, er ganske spesiell, god og omfavnande. Av reint utført verkstedtimar må vi få nevne oppgradering og justering av drageluke og rekkverk. Per-Kåre påstår at han klare å skalke drageluka med ei hand på ryggen etter denne oppskeininga. Der er også klartgjort for endring av leiderfeste. Og tek eg ikkje feil, var det Isak Arne sjøl som zinka oss opp på nytt før vi vart skubba ut.

Over 14 daga på land, med mange helgedager innbakt, har vi også fått nytta på beste måte med eigne dugnadshender. Huda er olja med over 50 strøk og det er eit vakkert syn å betrakte skutesidene i år. Skansekledning og shelter har fått sine strøk med kvitt.



No gjenstår bare resten. Torgdag Bergen nærme seg: ikkje lenge til den spesielle dagen i Byn, 11. juni.
Dugnad 21. mai.

Det var absolutt på høg tid å komme seg inn i ei anna komfortsone att. Dugnad på NYBAKK midt i igangkøyring av plener og blomsterbed. Sette opp konemor med grasklippar så kunne eg sjøl med lettare hjerte ta og stikke til Raudeberg.

Som vanleg er etter 17. mai, så er det stor aktivitet på NYBAKK. Båten låg ved kai hos Johansen endå. Det var fokusert innsats i maskinrommet. Ellers vart det lempa på land ein god del med oppsamla boss, og dette blir omplassert i løpet av veka. På dekk var det klart for svartmaling av pullerter. Vi snakker om nymonterte sådanne, tidlegare omtalt under arbeid på slippen. Rekkverket på shelter vart også inspisert. Absolutt flott arbeid, og no også ferdig grunna med mønje og deretter klart til kvitmaling. Ny forsyning med nødvendig maling er på veg. Og drageluka mann; best there is. Shaken and stirred, opnast heretter kun med ei hand.
Etter soping av dekk og omplassering av tamper, vart det endelig middag. Skikkelig blandingsprodukt i dag, men det fyllte godt opp.
Gjennomgang av detaljer for Torgdag Bergen og nylaga oversikt på informasjonsfoldere vart neste punkt. Alt dette bør være på plass til nærmaste helg.
Finevær er i anmarsj så det er 99,5% sikkert at det blir dugnad igjen laurdag 28. mai.

Dugnad 28. mai.
Ofseleg fine med været denne laurdagen. Eg starta dagen med ein frukost på terassen på Ranchen, før eg la i veg vestover. Fin temperatur og kraftblå himmel indikerte at det kunne bli gjort ein del utanbords maling.
NYBAKK låg og gikk i fortøyningane då eg kleiv om bord. Det var noe eit veldig godt tegn då. Det var ikkje so vel sist helg. Men alle teoriar frå sist helg hadde blitt gjennomført, og foreløpig såg det ut som om dei var rette.
Vi rauk i med maling på skansekledning og trålebakken. Chiefen var og henta sjarken og det gjekk ganske så greitt å male frå den. I allefall tidlig på dag, for vinden var måtelig bra, sola sterk og sjøen var spak. Seinare på ettermiddagen vart det sterkare vind, meir sjø, og dette resulterte i litt meir søl av maling på hjelpefartøyet. Heldigvis var det bare svartmaling som då vart brukt.
Mykje har blitt gjort om bord siste veka og. Chiefen og gode hjelpara har fått tømt giret for olje og fylt på nytt. Frå Vegsundet var filtera komt og dette vart no montert tilbake i giret.

Båten har lagt på Johansen heile veka, og her er det også starta arbeid med ny landgang. Bak på galgedekk er der no montert ein solid brakett for å få svinge den nye landgangen ned, parallellt med skutesida. Det skal bli artig å sjå korleis denne vil te seg når alt er klart.
God middag i dag og. Kokken stilte i den nye Jamie Oliver dressen sin. Kjøtkaker med løk, og ertestuing. Andre som arbeidde med større og mindre prosjekt her sør på kai-enden, vart sjølvsagt invitert på middag og. Må også fortelje det at vi før middagen også, klarte å sette til livs ein solid krone-is, påspandert av kona til Chiefen.

Vel folkens, det stundar til og vi er heilt opne for å ta imot ei ekstra hjelpande hand til å fullføre pussen, før vi dreg til Bergen den 9. juni. Jau, det går på fram.
DUGNAD 4. juni 2016
Ja det vart dugnad igjen denne laurdagen. Men den veka som har gått har vore vel så aktiv med daglig mykje folk om bord som gjer ting, for at NYBAKK skal bli klar til sommarens aktiviteter. Der er ikkje bare maling og pussing som foregår. I maskina har han Calle hatt fokus i vekene etter påske. No er alt på stell. I veka var Arne Rønnseth om bord og har gått over kompleksiteten ilag med Chiefen. Vi er no komt der at vi veit at alt fungerer 100%.
Ny radar er også komt inn til rekka og montering er omtrent starta. Og siste dagane ved JordmorJohn-slippen har blitt brukt til å montere den nye landgangen på skikkelig vis. Og alt dette i tillegg til høg pensel-aktivitet i fin været.

Laurdagen starta med ein vanleg god og småkjølig nordatrekk sør sunda. På vegen sør til Johansen, tok eg igjen eit følge langs nedstevegen då eg var komt sør til buda etter John Eide. 3 revikara på veg til jobb på NYBAKK. Det kunne dermed sjå ut som om vi kunne komme tidlig i gong i dag. For ikkje bare maling skulle gjerast i dag heller. Vi skulle og flytte båten nord att i Vikja igjen og det vart dermed også då utført en slutt-test på gir. Per kom han, då han Calle hadde gått seg varm. Han tørna hekken mot nordavingen med springen og vi gjekk deretter med frisk dorgefart nord att til fast plass i Vikja. Manøvreringa gjekk som med joy-stick og båten vart gjort høveleg fast (må jo kunne male Shelteret og utan å grise til tamp).
Og endelig vart det fart på malerullene. Det gjekk godt unna og frå byssa kom det ei so inderlig skikkelig matlukt sivande. Klubb i solide størrelse, saltkjøt og ertesuppe. Best å male skikkelig før middag i dag; ikkje sikkert det blir så lett å røre på seg etter maten.
Bak på galgedekk vart den nye landgangen svinga og låra mot kaia. Dette såg veldig lovande ut. Rekkverk vart montert når ende-hjula var solid planta på kaia. Jau, dette var endelig oppgradering å snakke om.
Under dekk, i lugarane atte, vart det starta nedvask og utlufting. Køykleda kom til lufting på dekk, så den som var sett opp med maler-rulle, måtte versågod passe på.
Og middagen vart jo skikkelig gjennomført igjen. Det gjekk ein del klubb ned på høgkant og bacon er absolutt brukande som dott, om det knip seg så til.

Etter eit revnemåltid av dei store, vart det til male-rullene igjen.
Då klokka omsider passerte 4 var det på tide for meg å tenke på heimveg. Resten gjenstår, men med sjølgåande dugnadsgjeng og det viktigaste under kontroll, går dette vegen. Det beste med ei sjekkliste er at plutselig er alt kryssa ut, og då er NYBAKK på veg til Zaccharias-bryggen i Bergen. SJÅAST DER, på fredag, laurdag og søndag.
HUSK VIELSE PÅ DEKK LAURDAG 11. JUNI KL. 16.00.
Sjekk
og opp Facebook-sida vår her. Mange klikk gjev artige
resultat. Bilder frå dugnader og viktige sprell frå
i fjor, finn du der. Så om du kan, klikk Liker der du
kan, så sprer vi det gode bodskap.

Gjer vel
å tenkje på sikker utføring av dugnad ombord
i NYBAKK. Vi treng friske og gode hender, HEILE TIDA. |