TOKTBLOGG TORGDAG BERGEN 2010.

11.06.2010

NYBAKK har igjen kasta tampane og denne gongen er det Torgdag Bergen som er målet. Det er 3 året på rad at vi er på veg sørover og denne gongen var det såvidt vi kom oss avgarde. No er vi godt på veg og sjøen er veldig snill med dei sjøsvake denne kvelden.


Har nettopp gått ned frå rorhuset. Klokka er såvidt over midnatt. NYBAKK går med 9,2 knop sørover mot Bergen. Stavfjorden er heilt blankstill nesten. Inga dønning å merke i båten i det heile. Det er kort og godt ein sjelden vakker Stavfjord vi er i ferd med å krysse no tidleg på natta. Natta er ikkje bare still, ho er veldig lys også. Det blir liksom ikkje mørkt i natt. Rart å tenkje på at det er under 14 dagar til sola snur igjen.

Per Kåre og Audun har første vaktene sør for Florø. I Florø vart resten av mannskapet for Torgdagen tekne ombord.

Før eg går ned, sjekker eg at lykta akterut ved Askrova framleis er blank, mens Per Kåre har begynt å få lykta på Staveneset korrekt i baugen. På styrbord baug har vi Alden. Under føtene banker Calle og spenne frå med vel 420 omdreiningar. Det kvitar i kjølvatnet bak oss.

Marius har fått ein av staslugarane akterut. Det var eigentleg lugaren til Didrik Nybakk i si tid. Då eg keik inn rundt kl. 01.00 for å sjå om der stod til, var der bare snorking og høyre og hendå var folda på magen. Eg sjølv deler forpiggen denne turen, ilag med Willy og Alf Tore.

No er det rett før Runar skal overta stikka i rorhuset, så då overlet vi ansvaret i trygge hender før vi resten kryp til køys. God vakt må vere !

Natta går utan vidare omsut. Båten ligg stødig heile vegen ned. Då eg tørne ut 07.15 er vi godt igang sør Herdlafjorden. I rorhuset har det valgt ei av dei ytre leiene. Veret har vore so godt at det har vi ikkje merka vi som har vert under dekk.

Per Kåre blir omsider purra og han går direkte igong med frukosten. Roger får litt tilsnakk med utestemme fordi han har vore litt seint ute med vekkinga.

Kl. 09.15 steame vi opp mot Skolten og Runar tek ned takta på Calle slik at vi får seget av båten. 5 knop er høgste fart no og Calle går så stilt at vi mest ikkje høyre at han er i gong. Der blir litt diskusjon med Havnekapteinen om kor vi skal ligge. Etter god manøvrering av Runar har vi gjort NYBAKK fast rett nedfor Bergenhus. Her eg sit ser eg ut glaset i bestikken og rett bort på hekken til Statsraad Lehmkuhl. Eg nikka sjølvsagt eit kort og høfleg takk for sist til byen stolthet. Sist vi helste på han var ved Brentfeltet midt i Nordsjøen. Då NYBAKK var på veg heim frå Shetland og Statsraaden var på veg til Færøyane.

09.50 er NYBAKK fast og matsignalet runger under dekk. Per Kåre har dekka framme på luka så alle får sitte og ete med ein gong. Dvs. der er nokre som let seg lokke av James Bond inne i messa og nyt derfor frukosten til den.

No får vi pleie shoppegen og forskjellig gjennom dagen. Veret er grått så vi får sjå kor mykje vi skal ta oss til med. IKEA er allereie utropt som eit mulig mål.

Vi kjem att.

Sa eg at vi hadde klubb til middag ? Ikkje det nei. Per Kåre diska opp med klubb og ertesupa til middag. Noken kom precis til taffelet andre ikkje. "And boy they could hear it". Dei som vart for seine hadde utført masse ærleg arbeid dei. Flyttelass for ein student i byn: ikkje noko problem for NYBAKK det, bare kjekt å gje ei hand tilbake til flittige folk. Alt vart stua vekk og var ikkje synleg frå utsida ;)

Jau og innimellom tok vi og utførte ei skikkeleg forhaling og fekk plassert heilt ytterst på Hansabrygga, vis a vis Madam Felle.

Ellers vart det matauk og båtstell ut i dei små timar. Klippfisk-vatning, løk-kutting, (får ikkje seie meir om oppskrifta og det fordi vi har ei litt gradert oppskrift.) Og ikkje minst vart der kokt fett ut av røma. Her ombord lage vi alt frå grunnen av.

Og for ikkje å snakke om fotball VM. Vi fekk glimtvis sjå ein god fotballkamp og ein dårleg fotballkamp. Heilt normalt for ei opningsrunde av eit slikt mesterskap.

Bokborda vart sett opp og dei vart rett so fine. Aldri har dei vore finare vart sagt. Pris og anna vart også diskutert.

Ja vi måtte no gå og legge oss til slutt. Vi håpe på betre ver imorgon. So får det heller våge seg at ein glupsk minibank slukte eit lite bank-kort

12.06.2010

Uff, surt ver frå starten av idag. Per Kåre var alt på føtene då eg tørna fram. Det var jo litt uvant for hans del då.

Det fyste vi ser, er at Statsraaden har forhalt over til Nordnes-sida av Vaagen.

STORD driv og fyre hardt for å få opp steamen. Vinden driv dampen inn Vaagen i ei viss fart. Tør vi kalle veret skikkeleg surt no på morningen. Så no spørs det kva resten av dagen vil bringe.

Og dagen vart slett ikkje ille den. Vi får vel seie at ombord med var vi litt nøgde med veret. Matasalget gjekk jamt unna gjennom dagen. Vi hadde liksom det meste klart av første pannene til klokka var 11.

Folk åt og koste seg og ga klare meldingar om at maten var fortreffeleg. Det var litt greitt å sjå at sjølv om vi var få i arbeid så gjekk det greitt. Eg fekk skikkeleg køyr bak i byssa. Eg skal ikkje skryte for høgt, men følte absolutt at rømegraut koking har eg god peiling på no. Framme på vinsjen stod Mariann og Ragnhild og fordelte manna til dei som ville kjøpe. Arve og Trond, samt Roger, tok seg nokre skikkelege tak ved landgangen og fekk både delt ut smaksprøver og selt litt sild.

Litt ut i aktene tok eg meg ein tur utover mot festningskaia. Her låg fleire av våre stolte dampskip linet opp. Både Oster og Stord var på plass. Og innimellom dukka Atløy opp. Dei gjekk i faste ruter mot strilelandet heile dagen. (og eg veit at Atløy ikkje er dampskip).

Ut på ettermiddagen dukka det og opp raudebergera og revikara, både utflytta og slike som var på tur. Av eiga slekt som vi ser altfor lite til, var Astrid og Arve frå sandvik-slekta. Dei tok seg god tid og skrytte av maten då dei gjekk i land. Leif Arne og Tone dukka og opp. Direkte og næraste etterkomarar av Didrik. Flott at dei kom igjen og såg fotballkamp med oss seinare på kvelden. Og so dukka Åsmund og opp. Han kjenne sikkert båten som si eiga bukselomme og pappa tok han med seg og viste og forklarte eit par lure ting. Eg syns i allefall det er veldig kjekt at han Åsmund dukke opp blant oss.

Jau, det vart en fine laurdag for både bacalao, rømegraut, tørrsild og tørrfisk. En overmåte hyggeleg kar og hans frue, etter dialekten boende i Kalfaret, gjorde klart til kjenne at vi antagelegvis ikke kunne lave like god rømmegrøt som hans kone. Ærleg og jovial som eg er inviterte eg han ombord til ein smak, for eg kunne garantere at her med oss var det kun ekte rømegraut. Og han kvitterte med godlyd når han gjekk av landgangen igjen. Beste rømmegrøten han hadde smakt her i byn.........

Jaudå, vi er fornøgde med byturen denne gongen og vi.

Og som sagt vart det fotballkamp på dekk etter dagens dont. Leifen og Tone var komt igjen. Trond og Audun klarte å gå seg fast på disså evindelege Brann-diskusjonane sine igjen. Vi måtte faktisk hysje på dei for at vi skulle få med oss kampen på TV. Og meir skulle ikkje til. Etter 4. setninga om Håkon Opdal, så klart den engelske keeperen å hive ballen bak seg og i mål. Troll i ord du.

So kom der ein fotograf frå NRK ombord, og dermed var Per Kåre tapt for normal kontakt i nokre timar. Indrebø frå NRK er ein av teamet som skal vere med å filme ombord med oss i juli.

13.06.2010

Oppe halv åtte idag og eg. Idag var ikkje Per Kåre å sjå på nokre timar endå. Det var bare å krumme nakken og gjere NYBAKK sjøklar igjen. Oppvask og pakking av utstyr på dekk vart sett igong og plutseleg står Åsmund der. Han hadde med seg nesteldste sonen, Bjørn Johnny. Åsmund skal vere med oss opp att til Raudeberg; kjempegreier. Åsmund må vel snart reknast som ein institusjon ombord i NYBAKK.

Pappa sette etter litt igong Calle og den lune ristinga i skroget vekte nok dei siste som hadde ein jobb å gjere før vi tok laust. Etter litt kunne vi begynne og sleppe tampane. Bjørn Johnny lauste på pullertane og ombord stod Åsmund og drog inn og kveila opp tampen.

Artig man ! Runar koblar til og vi glir sakte frå kaia og ut Vaagen. Då vi nærmar oss Statsraaden dreg vi godt i signalen for å seie takk for oss for denne gongen. Vi kjem nok att.

So med ein påfølgande fotokavalkade frå utseglinga frå Vaagen seier vi takk for no (om det ikkje skulle skje noko meir artig på vegen nord kysten til 2 vestlandsfylker....)

 

 

.

 

!