TOKTLOGG LERWICK 19. - 28. JUNI 2009

19.06.2009 kl. 12.35

Det er i skrivande stund rett over middag norsk tid. Eg har nett hatt ein lenger prat med Magnar Hennøy. Magnar skal i ettermiddag føre NYBAKK ut i gamalt kjølvatn av seg sjølv på veg til Lerwick på Shetland.

"Jau dette blir ein artig tur og eg med fleire har sett fram til dette ei stund", kvitterer han. Som seg hør og bør, er han tidleg ombord på ein slik utferdsdag. Han rekne med å hive springen rett over klokka 16. "Då skal siste dame vere på plass ombord. Ho har fått seg ein halv time fri frå SFO for at vi skal kome oss avgarde til klokka fire."

Magnar ser ikkje føre seg dei heilt store utfordringane på turen over. "Rekne med å gå i gamle leide nord om øyna, ut med Øksneset og Oddane mot Tampen". Dette er del av det omtalte kjølvatnet som NYBAKK har gått i mange hundre gonger før. "Deretter kurse vi mot Aust-Tampen. SNORREFELTET rekne eg med at vi passere i 3-4 tida i morgon tidleg. Deretter over mot Vest-Tampen og før vi er heilt klar den, rekne eg med at vi kan antyde Shetland so smått i horisonten."

Veret er meldt bra. Laber bris frå Tampen og vestover, med 1,5 til 2 meters bølgehøgde. Båten kan vegen omtrent sjølv så dette blir ein fin tur. Vaktene er fordelte for turen og det blir et 3 vakt system. 10 personer er med på turen, i tillegg til eit par til som dreg over med fly.

Når båten passerer Bress-øya på Shetland, reknar ein med å bli motteken av ein konvoy med fartøy frå Lerwick. Deretter vil NYBAKK bli eskortert til kai i Lerwick litt ut på laurdags-kvelden

 

20.06.2009

Bortsett frå ei kort telefonsamtale frå maskinist Audun då NYBAKK gjekk ut av Vest-Tampen og inn på britisk sektor, høyrde vi ikkje noko frå båten undervegs. Då er det lett å huske på Sofie Nybakk sine ord frå langt tilbake: "Dersom ein ikkje høyre noko frå karane, so er alt vel." So også denne gongen. Turen har gått greitt sjølv om det har vore litt krabbemating med enkelte.

Frå ankomsten til Lerwick har Per-Kåre telegrafert følgande:

Ian Leask i eigen båt kom NYBAKK i møte då vi nærma oss Lerwick. Ian er mannen som forer Norsk Skipsfartsforum med bilder av norske fiskebåter som er innom Shetland.

På kaia i Lerwick stod Peter Campbell, leiar i Shetland-Vågsøy Twinning Assosiation, og tok imot oss. Med han var også Cathy Hallett, som vi også kjenner godt, frå Shetland Museum. Og i tillegg til dei av våre egne som hadde reist over med rutefly i lag med Rita Andal frå Shetlandslauget.

Etter at båten var gjort fast vart det innvilga ei kort landlov. Cathy tok oss med og besøkte eit par puber med locals. Her traff vi mange lerwickara som kom direkte til bordet vårt for å helse på. Dei fleste av dei kjente igjen båten, både av syn og namn. Dei huska båten slik han var i gamle dager og syns at det var storveges at han blir teken vare på og ikkje minst besøkjer Lerwick igjen.

 

Deretter tok Cathy oss med på båtklubben for å vise oss fram i bruk av vaskemaskiner og tørketromlar. Dei gjer alt for at besøket vårt skal bli best mulig for oss.

Som sagt så var det ei kort landlov. Vi var tidleg om bord sjølv om det var lengste natta i året. Båten vart klargjort til besøk i dag og mannskapet er i rute.

NYBAKK ligg midt i Lerwick. På hedersplass. 1 minutt å gå til hovedgata. Kaia er full av folk som tek bilde av båten.

No har ikkje Per-Kåre tid til å melde meir. "Eg må jo passe på at folka får i seg vitaminane sine. ", kvitterer han før han vende tilbake til grytene i byssa.

 

21.06.2009

Følgande straumpost tikka inn frå Lerwick rett før midnatt :

Catherine Willn var første besøkende på Åpen båt i dag. Hun har vært i Måløy mange ganger. På bildet står hun sammen med Rita Andal, leder i Shetlandslauget.


Pilot Us er en gammel lokal fiskebåt som ligger ved kaia til Shetland Museum and Archives.


Vågsøyjenta på besøk er Anita Orheim, som har bodd på Shetland noen år, men flytter heim til Måløy i høst.


Selene, den flotte væren og markblomstene var det Atle og jeg som så, da vi tok en liten sykkeltur i utkanten av Lerwick i dag.


Det har vært en kjempefin dag med nydelig vær, vi håper det fortsetter!

Kari

 

22.06.2009

Stor dag idag for heile crewet. Vi har vore og besøkt utstillingane på Shetland Museum and Archives. Men det er ikkje alt.

 

Stor og god delegasjon frå Lerwick Municipal og Shetland Museum and Archives har vore ombord til middag. Vi har prøvd å gjere stor stas på dei og verkeleg takka for invitasjonen til Lerwick.

 

 

Bilda under her viser foreberedelser til middag og mottakelse.

 

Bilda under her viser litt frå det seremonelle under middagen.

Vi er blitt fortalt at det slett ikkje er alle båtar som får tildelt det offisielle våpenskjoldet til Lerwick by. Det er allereie montert på hedersplass i messa.

Maskinisten melde ut på dagen om litt driftsutfordringer til kjølepumper og vannpumper generelt. Det viste seg at hamna var full av små-maneter og desse hadde begynt å tette igjen inntak for pumpe-systemet på NYBAKK. Desse manetene tiltrekte seg også både makrell og makrellterner. Og ikkje nok med det; vi kunne etterkvart også sjå sel som jakta føde i makrellstimane som kokte på hamna. Eit ganske sublimt syn som vi ikkje ser så ofte.

Programmet for den 23. er også litt spesielt. Vi vil då stenge av båten og reise over til Scalloway. Vi vil der besøkje minnesmerket som er reist der etter 2. verdenskrig for motstandskampen som var styrt frå basen på Scalloway.

 

23.06.2009

Scalloway:
NYBAKK ligg slik til at vi går rett inn på lokalbussen frå landgangen.

Vi tok bussen mot Scalloway i tolvtida. Alle var med bortsett frå Kari og Atle som passa båten.

15 minutt med rutebuss so var vi framme på ein av dei mest kjende plassane med norske styrker under andre verdenskrig. Her var basen der Shetlands-Larsen tok sine tokt med våpen og agentar til Norge under krigen. Dei første fartøya som vart brukte var norske fiskeskøyter der langt dei fleste av dei var stjålne og ført over. Seinare når okkupasjons-maktene vart klar over trafikken og tapa blant mannskap på Shetlandsbussane vart store, skifta ein over til mykje raskare torpedobåter til denne trafikken.

Idag er der er eit museum. I tillegg eit flott minnesmerke over falne frå shetlandbussane. Vi fekk også ein tur innom slippen som vart brukt og huset der dei norske mannskapa budde. Og tilslutt besøkte vi borga i Scalloway.

Omvisar for oss var Robbie Johnson. Han er kurator på musèet i Scalloway. Sjølv om det var utenom opningstid, tok han oss inn og viste oss rundt.

Det var ein audmjuk gjeng som returnerte til Lerwick fram i tre.

 

Som før sagt; NYBAKK ligg midt i smørøyet omtrent på hamna i Lerwick. Hiv vi kastelina over busskuret her, lander den direkte på Thule bar. Kanskje var det akkurat det som gjorde til at ein lerwiking kom om bord til oss med ei flaske Famous Grouse. Han hørte på solljen frå oss då vi feira jonsok med grilling på dekk. Her var det godt å vere sa han.

Under den høgst uoffisielle feiringa av Jonsok på shelterdekket igårkveld, dukka Nigel Hallet opp med fele og ein nykomponert sang til NYBAKK. Nigel hadde med seg sin Cathy og den nykomponerte sangen vart godt motteken.

Nigel hadde også sett komposisjonen i glas og råme og denne vart etter urframføringa hengt på ein hedersplass i messa.

Kystmusèet har ankomme Lerwick med Haugefisk. Dei ligg på innsida av Victoria Pier tvers over vågen for NYBAKK. Haugefisk har med ei utstilling om pigghåfiske som skal opne onsdag.


 

Imorgon satse vi på å stå tidleg opp !

 

24.06.2009

Fleire av oss sov litt frampå idag. Det var difor ikkje alle som kunne vere med på ein guida tur til Shetland Shores for å besøkje fuglefjell bl.a.

Haugefisk har opna pigghå-utstillinga si idag og Magnar og Per-Kåre var ombord så snarast. Utstillinga har ei spesiell samling med fotografi som er teken av ein kjend Dagblad fotograf tilbake i 1958. Journalisten var med LESTHOLM på ein tur til pigghå-felta ved Shetland.

Det var eigentleg fleire artige ting som hende også idag. Vi var invitert ombord i The SWAN. Ein link til dette vakre smykket av ein båt finn du ved å klikke på bildet under.

Som de kan sjå av bilde, so ligg ikkje SWAN så mange lengdene fram om baugen vår.

 

Kapteinen på SWAN og sjef for SWAN THRUST,, Captain Michael Gray, hadde sjølv bemanna relingen for å ta imot oss når vi gjekk ombord.

Og som gode vener for livet vart vi traktert i hovedsalongen.

Seremonielle gåver på Shetlandsturen 2009 er ein gravert og innråma TINE-hytt, i lag med eit bilde av dagens NYBAKK. Desse gåvene er blitt sett stor pris på. Captain Michael Gray

Peter Campbell vart og overrekt ein gravert TINE-hytt.

Parti frå Commercial Street. Absolutt staden for å få pleie til shoppe-genet.

Tilslutt må vi og nemne at BBC Radio var ombord og lagde et program om NYBAKK. Her måtte maskinisten absolutt trå til for å få igang Calle mens lydopptakarane gjekk. Vi er lovt å få med opptak av programmet heimatt. Programmet gjekk på radioen i Shetland om kvelden.

Shetland Times var også ombord. Vi går og vente på ferske aviser for å sjå kva resultat blir.

Også heilt til slutt. Vi er tekne imot som grevar og blir bore fram på ei bylgje av velvilje. Maken til gjestfrihet møter ein sjelden.

 

25.06.2009

Eg vil først opplyse om ei artig sak som de kan få lytte til om de har EDB-apparat med høgtålar. I ettermiddag har vi hatt besøk av Ida Dyrkorn Høyland frå Kystmusèet på tokt med Haugefisk. Ho har laga ein kort reportasje som er lagt ut på Kystmusèet sine sider som podkast. Du finn podkasten ved å klikke på bildet av seksringen under.

Husk å trykke på play på metaplayeren som dukke opp.

Kari har oppdatert oss med bilder og tekst denne dagen:

 

God morgen fra Lerwick i sol og med temperatur på 15-16 grader.



Bildene er fra i går, da to grupper fra Nybakk var ute og rodde i sixareen, eller seksæring som vi sier, sammen med folk fra roklubben (tror jeg) og en av de to karene som bygde seksæringen for et år eller to siden.

 

Båtbyggeren er på et av bildene, og han heter Robbie Tait. Han bygde seksæringen "Vaila Mae" sammen med Jack Duncan, og båten tilhører Shetland Museum and Archives.



Bildet av Ragnhild er tatt i går kveld, da en måse fikk inn en fulltreffer ved bordet vårt utenfor fest-teltet på Victoria Pier.



Siste bilde viser seilbåter i havna. Det er noen av båtene fra regattaen The Bergen - Shetland Race, som kom inn i løpet av dagen i går.

Dette blir trolig siste oppdatering, for i morgen drar vi damene i pinglekonvoien tidlig av gårde fra Lerwick. Det kan evt. bli et par bilder i kveld, får se.

Hilsen Kari

 

26.06.2009 og 27.06.2009

Kari hadde faktisk meir på lur, når ho hadde komt tilbake til Måløy.

I skrivande stund har NYBAKK vore i rom sjø i vel 6 timar etter at den forlet LERWICK, rundt middag 27. juni.

Vi drøye derfor tida med å distribuere nokre bilete frå den daglege donten som har vore på NYBAKK mens vi har lagt i LERWICK.

Her er Evy i full gang med kjøkkenteneste. Fersk-steikte baguetter til bacalao.

Bildet over er av mr. & mrs. Tait, henholdsvis Eli og Robert Tait, som bur i East Burrafirth. Eli er født Viksøy Sande og kjem frå Svelgen.



Dette bildet er av Bella Irvine frå Lerwick. Hov vitja NYBAKK i lag med bror sin. Bella snakke norsk og har mange vener i Vågsøy.



Desse to som koser seg på dekk med bacaloa, er bergensere som var deltakarar i The Bergen Shetland Race. Vi hadde mange deltakarar frå seglasen ombord, takka vore ein lur idè from the locals. Der var ca. 40-50 deltakande båtar på seglasen i 2009.

Vi er litt usikre på kva båt dei kom med, men antakelegvis er det ein av desse her......

 

 

 

Ole Steffen tek også tydeleg ansvar i den daglege donten ombord i NYBAKK. Legg merke til tydeleg beinføring og motivert tak om ausa. Og i reklame-augemed, so er tønnene laga i bødker-verkstaden bort i Hagevikja.

KARI foto og tekst. John-Arne telefonisk kontakt og tekst.

 

28.06.2009 HEIMVEG

Hallo til alle som har følgt med på loggen vår under Shetlandsturen.

Sidan vi no er trygt i hamn vert dette siste bidraget til bloggen om Shetlandsturen. Denne gongen er det Atle bak tastaturet.

Underteikna., som skulle vere fotoansvarleg under kryssinga, vart sett grundig ut av sjøsykje på vegen bortover så fotobidraga vart deretter. I løpet av opphaldet på Shetland hadde fotografen likevel ei kraftig formstiging, og greidde kryssinga tilbake på ein akseptabel måte, og det vart litt fleire bilete. Vi skal heller ikkje sjå bort frå effekten av nokre sjøsjuketablettar som heiter Stugeron- dei vert med dette varmt anbefalt!!

Men- sjøsjuke eller ikkje, dette vart i alle fall ei utruleg flott og uforgløymeleg veke.

 


Utpå ettermiddagen laurdag kom der ein gjeng shetlandske vikingar om bord, og med nokre skikkelege brøl ønskte dei oss god tur tilbake til Vestlandet. Vi kasta fortøyningane kl 3 på ettermiddagen 27.06 og var framme i Barstadvika dagen etter ca kl 1900. Turen tilbake til Barstadvika gjekk føre seg i minst like flott ver som då vi for bortover.

 

Nordsjøen 28.06.2009. Mellom dei av oss som hadde meir erfaring frå havet enn fotografen, var det semje om at Nordsjøen sjeldan er så vennlegsinna som her.

 

"Cruiseturistar" på galgedekk styrbordside. På babord var det mulig å prøve seg på lerdueskyting..

 

Audun kurser austover. Audun i styrte ikkje berre skuta på brua, men han styrte på i maskina òg; berre sjå på oljeflekkane rett under skjorteermet.

 

...og i masta flaug vimplar og flagg...

 

Laurdags kvelden var Arve grillsjef framme på dekket. Noko dønning var det, og ikkje heilt det same som å ha fast grunn under beina heime på altanen.

 

 

Solnedgang i Nordsjøen.

 

 

.

Tidleg på føremiddagen søndag tok skipparen med seg kaffikoppen ut på luka. I det han gjekk gjennom styrehusdøra nemnde han noko om at han skulle sjekke "...korleis han såg ut i dag." Seinare på dagen sette han i gang med meir eller mindre full nedvask av styrehuset. Kokken meinte det måtte vere nær på 25 år sidan der hadde vore vatn, klut og såpe kring i krokane i styrehuset.

 

 

Søndag var det lettsalta torsk til middag. Audun hadde flekt og salta på rett etter frukost.

 

Med mannskapet oppstilt på dekk seig Nybakk inn til kaia i Barstadvika etter å ha brukt 27 timar på turen frå Lerwick.

Vel i hamn ! Magnar, som tok oss fram og tilbake over Nordsjøen på ein framifrå måte, held her eit vake auge med at Nybakk kjem vel og forsvarleg til kai etter turen.

 

Ja, og så var det dei som tydeleg var glade over å sjå kvarandre att etter meir enn ei heil veke.